Journalisten har sett nærmare på korleis dei ulike mediehusa markerer jul.
TV 2 var ein gong kjent for storslåtte julefestar som samla tilsette frå fleire byar, ein tradisjon som finanskrisa tok knekken på i 2008, etterfulgt av trang medieøkonomi.
Det var uhørt for Remi Taule og eit par kollegaer, som tok saka i eigne hender. I år er det dermed 16. gong han arrangerer det som har blitt ein tradisjonsrik julefest i Bergen.
Urix-koret «Kor i all verden» på julefesten i Bergen.Foto: TV 2
– Vi samlar 330 tilsette ein laurdag på Radisson Bryggen, med live band og fleire interne innslag som har eit humoristisk og sjølvironisk blikk på året som har gått, fortel Taule.
Dette har vore mogleg med ein eigenandel frå dei tilsette, saman med støtta frå TV 2.
Taule påpeiker at TV 2 har store arrangement som samlar alle tilsette anna kvart år, gjerne knytta til eit jubileum, men at julefest likevel måtte til.
Taule er stolt over at dei inviterer alle som har jobba for TV 2 i året som har gått. Både faste ansatte, vikarar, frilansarar, timeansatte og konsulentar. Også vaskepersonalet på huset er invitert.
– Folk er glade for å få ein fest, og det er veldig kjekt å høyre at dei som er nye og med for første gong kjenner at dei er ein del av TV 2-gjengen.
White Christmas
Remi Taule er blant initiativtakarane for TV 2 sine julefestar i Bergen.Pål S. Schaathun / TV 2
Det har blitt ein tradisjon at TV 2-journalisten (og Brann-speakeren) sjølv opnar festen med sang - i kvit dress.
– I år vart det «White Christmas». Ein må by litt på seg sjølv, sjølv om ein ikkje er veldig flink til å synge. Det er litt av nøkkelen, fortel Taule.
Når midlane går til lokale og live underhaldning ein laurdag i desember er det lite igjen til mat og drikke.
– Nokon et ein julemiddag i forkant med si avdeling.
Også i Oslo har TV 2 liknande tradisjonar i regi av dei tilsette sjølv.
Journalisten har sett nærmare på korleis andre mediehus har telt ned til jul. I avisa Dagen får dei tilsette julebord i London, medan journalistar i Dagbladet måtte rykke frå deira julebord.
Nylige artikler
– Kommer ikke til å stå og se på at noen driter i reglene
Skal gjøre mediene bedre rustet til å dekke Høiby-rettssaken
VG og Aftenposten slår sammen matmagasiner
Adressa-redaktøren svarer: – Hadde vært enklere om ikke Koch hadde tatt på seg det vervet
Når varsomhet blir et hinder for oppklaring
Mest leste artikler
Ble kontaktet av avdødes mor
Redaktørens retrett kan gjøre etterfølgeren svett
Aftenposten avpubliserer innlegg etter tvil om identitet
Gunnar Stavrum går av som sjefredaktør
Kritiske til Polaris-sjefens nye styreverv: – Koblingene er problematiske