Frå venstre Tina Mari Flem (administrerande direktør og sjefredaktør i NTB), Jan Inge Fardal (redaktør i NPK), Karolina Netland (dagleg leiar i NTB Arkitekst) og Jo Christian Oterhals (produktansvarleg og utviklar av Nynorskroboten).
Foto: Thomas Brun / NTB Kommunikasjon)
Nynorsk Pressekontor gir frå seg Nynorskroboten
– Best at andre tok over drifta av det kommersielle produktet, seier redaktør.
Denne artikkelen er over fire år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.
Sidan 2018 har Nynorsk Pressekontor (NPK) i samarbeid med NTB utvikla omsetjingsverktøyet Nynorskroboten. Roboten er no overført til NTB Arkitekst, som skal stå for den vidare drifta og utviklinga, skriv NTB Arkitekst i ei pressemelding.
NPK held fram arbeidet med å leggje til fleire ord og bøyingsformer i den opne kjeldekoden som Nynorskroboten er bygd på, Apertium.
– Vi held fram dette arbeidet, som vi også har fått støtte til, ut 2022, stadfestar Jan Inge Fardal, redaktør i NPK, i pressemeldinga.
– Men NPK er ein nyheitsredaksjon, og vi kom til eit punkt der vi opplevde at det var rett og best at andre tok over drifta av det kommersielle produktet Nynorskroboten. Vi er svært glade for at vi no har inngått ein avtale med NTB Arkitekst, seier Fardal.
NTB Arkitekst er eit dotterselskap av NTB, og dagleg leiar i selskapet, Karolina Netland, er robot-tilhengar:
– Nynorskroboten er heilt genial. Ved eit tastetrykk set han om ein bokmålstekst til så å seie prikkfri nynorsk. Feilmarginen er til og med lågare enn ved manuell omsetjing. Vi er audmjuke for at vi no skal føre det gode arbeidet med Nynorskroboten vidare. Målet er at han skal styrkje nynorsken og komme alle til gode, seier Netland.
Nylige artikler
Suvatne evaluerte Debatten på vei til farens begravelse: – Ikke helt kanon
NRK-profilen er «fornøyd mann» hos hårklinikk – nå er NRK-navnet fjernet
Fekk tilsnakk av korrespondenten: – På verst tenkeleg tidspunkt
Redaksjonen betalte da Dagbladet-profilene fikk hårtransplantasjon
KI er journalistenes Viagra
Mest leste artikler
Fekk tilsnakk av korrespondenten: – På verst tenkeleg tidspunkt
Debatten-seertall: Slått av Solvang
NRK-profilen er «fornøyd mann» hos hårklinikk – nå er NRK-navnet fjernet
NRK: «Tung og legitim grunn» til oppsigelse av ansatt
Skuffende god oppførsel fra avisene som stjal Tore Strømøy fra Tyholttårnet