Ansvarleg redaktør og dagleg leiar Jan Inge Fardal i NPK, sjefredaktør og administrerande direktør Tina Mari Flem i NTB og NPKs styreleiar Tom Hetland.
Foto: Javad Parsa / NTB
NTB og Nynorsk pressekontor med ny samarbeidsavtale
Saman skal dei løfte fram nynorsken gjennom språkteknologi.
Denne artikkelen er over tre år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.
Nynorsk pressekontor (NPK) og NTB har signert ein ny samarbeidsavtale for dei neste fem åra, skriv dei to i ei pressemelding.
– Dette er vinn-vinn – for NPK, for NTB og for nynorsken. Utan det tette, svært innovative og konstruktive samarbeidet dei siste åra hadde vi aldri vore der vi er i dag, seier ansvarleg redaktør og dagleg leiar i NPK, Jan Inge Fardal, i pressemeldinga.
NPK har eksistert sidan 1969 og er i dag drive av ei sjølvstendig stifting – Stiftinga Nynorsk Pressekontor. Sidan 2007 har NPK hatt ein samarbeidsavtale med NTB om å drifte redaksjonen i NPK.
– Avtalen representerer ei vidareføring av det gode og tillitsfulle samarbeidet NPK og NTB har hatt gjennom mange år. For NPK er det nyttig og inspirerande å vere del av eit større redaksjonelt miljø, seier NPK-styreleiar Tom Hetland.
Avtalen betyr også at NTB og NPK vil fortsetje samarbeidet om Nynorskroboten.
– Med teknologien vi no tilbyr i Nynorskroboten, kan du omsetje ein tekst frå bokmål til nynorsk på sekundet. Som verktøy er dette heilt rått. Det er inga unnskyldning for å ikkje lage ei sak også på nynorsk lenger, seier sjefredaktør og administrerande direktør i NTB, Tina Mari Flem.
Saman med NPK løftar no NTB denne satsinga også innomhus, slik at norske medium enklare skal kunne velje nynorsk i framtida, skriv NPK og NTB i pressemeldinga.
Nylige artikler
Lokalavisa vokser: – Villige til å betale for god journalistikk
Derfor får Shifter nei igjen: – Skuffet og uenige
Fotballkeeper hevnet seg på journalist etter dårlig børskarakter: – Herlig
Postlista ble feriestengt: Nå snur fylkeskommunen
IJ slo egne budsjetter i jubileumsåret
Mest leste artikler
TV 2 klager på vedtak – også TVNorge får advarsel
Derfor får Shifter nei igjen: – Skuffet og uenige
Fotballkeeper hevnet seg på journalist etter dårlig børskarakter: – Herlig
Hvis KI-redaktøren min var et menneske, hadde jeg klaget til HR
Lokalavisa vokser: – Villige til å betale for god journalistikk