Historiske hendingar, enten det gjeld Alta-utbyggjinga eller andre hendingar, er lite eigna til å måle straum med. Så langt er eg samd med Arne Sellæg, men eg meiner likevel at ein kan bruke Alta-kraftverket til å skape bilde av energibruken — berre ein held tunga beint i munnen. Først må vi rydde litt i omgrepa; for dei fleste ikkje-fysikarar kan det nemleg vere forvirrande med alle måleeiningane for alt mulig, og det blir ikkje enklare av at dei ulike omgrepa blir brukte om kvarandre — og upresist.
-Elektrisk straum måler ein i ampère (A). Den måleeininga kjenner vi frå sikringane vi må skifte av og til.
-Effekt, yting, dvs. overført energi (eller arbeid) pr. tidseining blir målt i watt (W).
Ei lyspære kan f.eks. ha ein effekt på 60 watt, ein panelomn f.eks. 1000 watt = 1 kilowatt (kW). Dette er eit mål på energien vi kan hente ut til ei kvar tid — om lyspæra står på i ein eller to timar, er det heile tida ei 60-watts lyspære. Watt er altså ikkje mål for «straummengder». I det tilfellet snakkar vi om…
-elektrisk energi som eigentleg er eit mål for arbeidet den elektriske straumen kan utføre, og den blir målt i watt-timar, eller i praksis kilowatt-timar (kWh), megawatt-timar (MWh) osv.
Dersom panelomnen har stått på 1000 watt i ein time, har han brukt energi tilsvarande 1 kWh. Elektrisk energi er med andre ord effekt over tid, og det er denne vi ofte upresist omtalar som «straum».
Sellæg nemner gjennomsnittsforbruket på 25.000 kWh pr. husstand pr. år. Det er ein grei målestokk. Så må vi ta med at det er 8760 timar i eitt år, og som ei hjelp til å halde tunga på rett plass, har vi desse forholda mellom dei store tala for effekt:
1 kilowatt (kW) = 1000 watt (W)
1 megawatt (MW) = 1000 kW
1 gigawatt (GW) = 1000 MW = 1000.000 kW
1 terawatt (TW) = 1000 GW = 1000.000.000 kW
Om det er energien (»straumen») vi måler, slengjer vi berre på ein h for time (hour), men forholda blir dei same:
1 kilowatt-time (kWh) = 1000 watt-timar (Wh)
1 megawatt-time (MWh) = 1000 kWh
1 gigawatt-time (GWh) = 1000 MWh = 1000.000 kWh
1 terawatt-time (TWh) = 1000 GWh = 1000.000.000 kWh
MERK: 1 TWh er 1000 GWh, ikkje ein million som det står i nest siste avsnitt hos Sellæg.
MERK OGSÅ: tera skriv ein med ein r — terra har med jord å gjere (som i terrasse, terrarium osv.). Symbola for desse nemningane skriv ein med store bokstavar (W, M, G, og T), medan kilo og time (hour) har små bokstavar (k og h).
Det ligg dessutan ein etymologisk logikk i desse nemningane, som er av gresk opphav:
Kilo er greit; det er ordet for tusen.
Mega kjem av megas , stor.
Giga eller gigas kjenner vi frå gigant, ei mytologisk kjempe — jotun er vel ein norsk «slektning».
Tera — med ein r altså — har vi frå teras , uhyre.
Når det gjeld det Arne Sellæg elles skriv, blir det litt forvirrande fordi han ikkje er konsekvent med nemningar og samanhengar. Storleiken på eit kraftverk blir ofte målt etter energimengda det leverer pr. år, men dette må ein ikkje blande saman med effekten til det same kraftverket. Ein må altså halde frå kvarandre kWh og kW. Her trur eg det stokkar seg, for Arne Sellæg skriv:
«En gjennomsnittshusholdning i Norge bruker i dag 25.000 kilowattimer (kWh) i løpet av ett år. Er det snakk om et kraftverk som bare produserer én megawatt, blir det 1000 kilowatt, og det er knapt nok til å holde varmen i en enkel panelovn.»
Eit kraftverk produserer ikkje megawatt, men megawatt-timar. Effekten kan derimot vere 1 MW = 1000 kW, og dersom det er det som er meint, kan kraftverket halde varmen i 1000 panelomnar om kvar av dei har ein effekt på 1 kW. Ikkje av dei største kraftverka altså, men likevel stort nok til å forsyne ca. 350 husstandar. Kvifor? Fordi med 8760 timar pr. år produserer dette kraftverket 8.760.000 kWh, og då er det berre å dividere med 25.000 kWh som var gjennomsnittsforbruket pr. husstand pr. år.
Om det i staden er meint at det omtala kraftverket leverer energimengder (»straum») tilsvarande 1 MWh = 1000 kWh pr. år, skal eg vere samd i at det ikkje er rare greiene. Med 8760 timar pr. år og ein 1-kilowatts omn ståande på heile tida blir det brukt 8760 kWh. Det trengs med andre ord nesten ni slike (svært små) kraftverk til dette forbruket.
Det går heller ikkje klart fram i det neste avsnittet kva som er meint:
«Går man til neste trinn på skalaen, gigawatt, så er én gigawatt det samme som en million kilowatt. Det betyr at har du et kraftverk som produserer en gigawatt (GW) i timen, så er det nok strøm til at 40 husstander har nok lys og varme. Da er man i nærheten av det en av dagens vindmøller kan produsere av strøm.»
Her blir det litt forvirrande at Sellæg samanliknar ein times produksjon med eitt års forbruk. Gigawatt er (framleis) ikkje noko som blir produsert, det er effekten til kraftverket som i løpet av ein time produserer energi tilsvarande 1 GWh. Eit kraftverk (med effekt) på 1 GW produserer pr. år 8760 GWh eller 8.760.000.000 kWh og dermed nok til 350.000 husstandar. Eit stort kraftverk, altså.
Men la oss her og seie at årsproduksjonen var 1 GWh, eller ein million kWh. Då finn vi ved enkel divisjon (med 25.000) at dette skulle halde til 40 husstandar. Så det er nok slik det er meint.
Så står det då i nest siste avsnitt:
«En terrawattime (TWh) er det samme som en million gigawattimer (GWh). Det er nok strøm til 40.000 husstander, og regner man fire personer pr. husstand vil en TWh være nok strøm til en by med 150.000-160.000 innbyggere, eller en by på størrelse med Trondheim.»
Som nemnt over stemmer ikkje dette hei 1 TWh = 1000 GWh = 1.000.000 MWh = 1.000.000.000 kWh (ein milliard kWh). Om ein då dividerer med 25.000 kWh, går reknestykket til Sellæg opp; 40.000 husstandar skulle kunne koke poteter og sjå fjernsyn om kraftverket produserer 1 TWh pr. år.
Moralen er: hald einingane frå kvarandre og ver konsekvent i bruken av dei, dvs. samanlikn likt med likt. Hugs og at vi ikkje brukar så og så mange kilowatt, vi brukar kilowatt-timar; det er dei vi betalar for, og kraftverka produserer kilowatt-timar (eller MWh osv.).
Kraftverk har vi forresten mange av, både store og små, og inndelt i effekten dei yter skil ein mellom:
Mikrokraftverk 0 - 100 kW
Minikraftverk 100 - 1000 kW
Små kraftverk 1 - 10 MW
Dei som er større får vi vel då kalle mellomstore eller store kraftverk, alt ettersom. Hugs berre at ein må multiplisere med 8760 (timar pr. år) for å finne energimengdene som blir produserte pr. år.
Dette var ei lang ferd mot det eg eigentleg ville seie:
Alta-kraftverket produserer ca. 600 GWh = 600.000.000 kWh pr. år. Enkel divisjon med dei velkjende 25.000 kWh i gjennomsnittsforbruk fortel oss dermed at energimengda frå Alta-kraftverket skal kunne forsyne 24.000 husstandar pr. år. Dersom ein hugsar på å ta med desse opplysningane, blir ikkje «Alta-kraftverk» så meiningslaust og fjernt som Arne Sellæg er inne på. Gløym heller ikkje at Alta-kraftverket er eitt av dei mest kjende her i landet, og at det slik sett har ein viss symboleffekt som og spelar ei rolle.
Etter alle desse store tala kan vi puste ut med nokre litt mindre. Om du legg hendene rundt omkring på kroppen — din eigen eller andre sin — kjenner du varme (håpar eg!). Vi er også energiprodusentar, men effekten varierer etter aktivitetane våre:
- sovande ca. 80 watt
- ståande ca. 130 watt
- gåande ca. 160 watt
- rask gange ca. 400 watt
- langdistanseløpar ca. 1000 watt
- sprintar ca. 1600 watt
Det har gått med mykje energi til dette skrivet, så no følgjer det stor spenning med å sjå om det har nokon effekt…
Eg trur eg returnerer til 80-wattsstadiet.
Helge Raftevold
NRK P1, Trondheim