DEBATT:
KI er som skadedyr – har du først sett eitt i huset kan du ikkje sova godt lenger
Kunstig intelligens kjem ikkje til å redda pressa.
Illustrasjon: Skjermdump Journalisten og DreamDigitalArtist / Pixabay. Montasje.
- Dette er et debattinnlegg. Innlegget uttrykker skribentens egne synspunkter.
«Dei har vel nytta ChatGPT», etterfølgt av himling med augo. Dette er ein respons eg no ser regelmessig i møte med feil gjort av pressa.
Dette kan vera alt frå ei enkel feilstaving til katastrofal mangel på kritisk kjeldebruk; alt vert skulda på kunstig intelligens, og synkande tiltru til pressa følgjer naturleg etter.
Eg sjølv har ikkje erfart at KI er nytta i utstrakt grad blant journalistar, korkje i riksaviser eller lokalaviser. Somme nyttar det til transkribering av intervjuopptak , kanskje eitt av dei ekstremt få områda der KI ikkje fører til meirarbeid, og somme nyttar det til å skriva pressemeldingar om til saker. Det siste er openbart problematisk i seg sjølv – pressa skal ikkje vera stenografar for den typen folk som jamleg sender pressemeldingar – men la det ligga for no. Bruken av KI er alt i alt låg blant journalistane.
Eitt steg lengre
Annleis ser det derimot ut til å stilla seg på redaktørnivå. Nyleg publiserte Roger Aarli-Grøndalen, redaktør i fagbladet Journalisten inkje mindre, eit innlegg der han forklarte korleis han sjølv nyttar KI i sitt arbeid. Aarli-Grøndalen har ein serie i bladet kalla «Middelaldrende mann om media» der han ytrar seg om ymse pressefaglege tema, og det var tydelegvis viktig for han å visa at denne jobben – i motsetnad til journalistikk – lett kan verta overtatt av ei datamaskin.
Den vyrde redaktøren opnar innlegget sitt som meg, med å lista opp oppgåver KI kan vera nyttig til – transkribering, pressemeldingar og anna småplukk. Det stoppar der for dei fleste, men ikkje for Aarli-Grøndalen. Han går nemleg eitt steg lengre.
I arbeidet sitt med ein sak om pressefesten Hauststormen i Bergen nytta han ChatGPT til å samanfatta det kjende essayet «The Journalist and the Murderer» og samanlikna det med debatten kring «Bamsegutt»-fadesen til NRK. Dette innrømer han altso for alle og ein kvar, trass i at språkmodellen er svært dårleg på både oppsumering og kjeldebruk, og at slik sleivete ukritisk bruk av KI tidlegare har audmjuka aviser til dei grader. Sjå til dømes flausen der Chicago Sun times produserte ein leseliste til sumaren der fleire av bøkene ikkje eksisterte.
Manglande kritisk sans
Men me treng ikkje dra til utlandet for å finna fleire eksempel på manglande kritisk sans, for Aarli-Grøndalen serverer oss enda eitt, berre få paragrafar lengre ned. I arbeidet med ei anna sak bed han Preplexity om å samanfatta søksmålet frå Trump mot CBS, i tillegg til striden om eit kansellert intervju om kor skadeleg tobakk var frå 1990-talet. (Frykt ikkje; her har redaktøren gjort kjeldekritikk. Han har nemleg sett filmen «The Insider» som er basert på tobakksstriden.) Han innrømer han at han får nye opplysningar frå samanfattinga til KI, men skriv ingenting om at han dobbeltsjekkar om det den seier faktisk stemmer. Det er kanskje ikkje so rart at folk som nyttar KI vert oppfatta som latare og mindre arbeidsame enn dei som ikkje gjer det.
Til sist bad Aarli-Grøndalen KI om å skriva innlegget for han. Det stemmer; redaktøren i eit fagblad for andre pressefolk bad eit fullfør-setningen-program om å skriva eit meiningsinnlegg for seg. Redaktøren problematiserer i det minste dette ein smule. Han skriv at han kjenner seg ukomfortabel med dette, men endar med å avfeia sin eigen gode intuisjon med at me sikkert kjem til å trekkja på skuldrene av slike debattar om nokre år.
Det er det uslåeleg argumentet i møte med all ny teknologi – han er komen for å bli; me kan ikkje stilla klokka attende. Det er difor me alle i dag går rundt med Google Glass på nasen.
Gjettar seg til neste ord
Når eg les eit innlegg med namnet til Roger Aarli-Grøndalen på, les eg det fordi eg vil vita kva Roger Aarli-Grøndalen meiner om ei sak. Om teksten er generert av ein språkmodell som berre gjettar seg til neste ord i setninga basert på sannsyn, forsvinn heile grunnen til å lesa teksten. Og har redaktøren so lite å seia om ei sak at han berre kan generera ein tekst som viser det språkmodellen meiner er statistisk mest truleg at ein gjennomsnittsperson meiner, kan han anten skriva om noko anna, eller finna seg ein annan jobb.
Verktøyet er kanskje nyttig for å generera mest mogleg inkjeseiande tekst raskast mogleg, men det er ikkje eit journalistisk verktøy. Journalistikk handlar om å snakka med folk, tenka over det ein skriv og vera kritisk til kjeldene ein nyttar.
Men når alt kjem til stykket har det ingenting å seia kor dårleg KI er som journalistisk verktøy. Det betyr ikkje noko at den finn på kjelder, ikkje kan samanfatta tekstar eller ein gong kan produsera tekstar over nivået til ein litt treig niandeklassing. Tanken bak å ta i bruk KI i nyhendemedia ikkje er å forbetra journalistikken, det er å forsikra aksjonærane og sjefane, gjerne langt borte frå redaksjonen, om at ein fornyar seg og heldt tritt med den teknologiske utviklinga, og det er i håp om å kunna kutta stillingar for å redda pressa frå synkande inntekter og stigande leiarløningar. Det er noko som vert trykt ned over hovudet på redaksjonane frå toppen og ned, ikkje eit nyttig verktøy som gjer jobben lettare eller resultatet betre.
Eitt skadedyr
Det betyr heller ikkje noko kor mange som brukar eller ikkje brukar det. KI er som skadedyr – har du først sett eitt i huset kan du ikkje sova godt lenger. Du kan ikkje lenger stola på at det du les kjem frå menneskehand, eller om det berre er oppgulp frå ei datamaskin som kanskje eller kanskje ikkje ved eit statistisk tilfelle fortel sanninga.
Når folk som Roger Aarli-Grøndalen som skal vera leiande i bransjen innrømer, nesten utan kritisk ettertanke, at dei nyttar kunstig intelligens so tankelaust, svekkar det tiltrua til pressa, og det på verst mogleg tidspunkt.
I ei tid då oljeselskap og milliardærar kokar kloden levande, krigar mellom land nok ein gong er på moten og liket av fascismen er grave opp frå slagmarkene i Europa og marsjerer over verda treng med ei truverdig og jordnær presse meir enn nokon gong. Det får me gjennom grundig kjeldekritikk, kritiske spørsmål, sympati med dei undertrykte, kompromissløyse med dei mektige og ikkje minst god skrivekunst – ikkje gjennom å raskare og raskare pøsa ut datagenerert oppgulp. Det kan lesaren gjera sjølv.