Klassekampen-spaltisten fekk pengekrav etter å ha delt eiga sak

Etter eit skjermdump på Instagram fekk Mariken Lauvstad ei rekning på 4215 kroner frå NTB.

Mariken Lauvstad er frilanser, forfattar og spaltist i Klassekampen.
Publisert
Lesetid: 2 min

– Målet er jo meir trafikk inn til Klassekampen, seier forfattar og kulturkommentator i avisa, Mariken Lauvstad. 

Men etter delinga på Instagram mottok frilansjournalisten ein faktura i innboksen frå NTB, gjennom det danske selskapet Copyright Agent. For i toppen av kommentaren er eit bilete som NTB har rettigheitene til. 

Dei krever avpublisering og 4215 kroner, sjølv om Klassekampen har betalt for bilete. Selskapet viser til åndsverklova § 2 og § 23, og krav om kompensasjon etter § 81.

Oppfordrar til deling

I eit innlegg omtalar Lauvstad situasjonen som «guffen» og lite hyggeleg.

– Eg ante ikkje at dette ikkje var greitt. I så fall hadde eg sjølvsagt ikkje gjort det. Det er veldig underkommunisert.

Lauvstad er knytt til Klassekampen gjennom faste spalter.

Ho peikar på at mediehusa som regel oppmodar til deling av innhald.

– Trafikken er avhengig av det, særleg i nisjemedium.

Avtaleverket dekkjer ikkje privat publisering

– NTB sine avtalar med dei enkelte mediehusa dekkjer ikkje publisering av bilete på tilsette sine private kontoar i sosiale medium, forklarar Joakim Nilsson, kommersiell direktør i NTB.

Han understrekar at det likevel er lov å dele lenker til saker. Då blir det generert miniatyrbilete automatisk av plattformen, og dette reknar dei ikkje som ny bruk av fotoet. 

Det er altså skjermdumpane som utløyser nye betalingsskrav.

Samtidig har lenkedeling blitt mindre vanleg, sidan slike postar i mindre grad blir synlege i algoritmane.

Nilsson viser til at reglane er tydeleggjorde i kvar enkelt avtale, og at NTB publiserer generelle råd på nettsidene sine.

Kor mykje går til fotografane?

NTB har den siste tida møtt fleire reaksjonar på praksisen. I november gjekk MDG-politikar Daria Maria Szymaniuk og bloggar Gunnar R. Tjomlid ut i Stavanger Aftenblad etter å ha fått liknande krav for skjermdump som var brukte i samfunnsdebatt.

Begge meiner praksisen kan skremme folk frå å delta i den offentlege samtalen. NTB svarar også her at handhevinga er nødvendig for å verne opphavsretten.

Lauvstad seier ho har forståing for opphavsrett og for at fotografar skal krediterast, men stiller likevel spørsmål ved modellen.

– Eg skulle gjerne visst kor mykje av pengane som faktisk går til fotografane.

Ho lurer òg på om ho ikkje kunne fått ei åtvaring før fakturaen, som hadde sju dagars betalingsfrist.

– Dei framstår svært hissige på grøten, seier ho.

NTB svarer:

– Alle som mottar krav får høve til å gjere greie for om dei har lisens eller avtale for biletebruken. Kravet er basert på prisliste og administrasjon. NTB og fotografen får den same betalinga som om bilete var kjøpt på ordinær måte, forklarar direktøren.

Vurderer kunstig intelligens

Lauvstad spør om praksisen er klok for NTB på lang sikt, og seier det kan vere freistande å bruke kunstig intelligens som illustrasjon i staden.

– Eg vil jo ikkje det, men ein treng jo noko visuelt for å dele innhald vidare, elles mister det mykje av verdien, seier ho.

– Har du tenkt å betale? 

– Ein blir veldig betenkt. Eg meiner NTB opererer i eit gråsonelandskap som ikkje gjer dette så openbart eller enkelt, svarer Lauvstad. 

Ho seier ho har vore i kontakt med to advokatar som hadde ulike tankar om NTBs praksis. 

LES OGSÅ:

Powered by Labrador CMS