Lanserer klimadesk

Espen Moe Breivik
nyhetsstudio

Energi og Klima lanserer delingstenesta Klimadesken, som skal gi norske redaksjonar tilgang til journalistikk om klima, energi og grøn omstilling.

Gjennom samarbeidsavtalar skal redaksjonar kunne publisere og vidareutvikle saker frå Energi og Klima. Målet er å styrkje klimadekninga i norske medium.

Ine Schwebs i Energi og Klima

– Når mange medium trappar ned satsinga på journalistikk om natur, miljø, klima og energiomstilling, skulle det berre mangle at ikkje Energi og Klima trappar opp, seier ansvarleg redaktør Ine Schwebs i ei pressemelding.

Gjennom Klimadesken kan samarbeidsredaksjonar publisere og bearbeide artiklar produsert av Energi og Klima. Tenesta er utvikla etter inspirasjon frå delingsmodellar som gjer det mogleg å spreie spesialisert journalistikk til fleire medium. Eigne vilkår gjeld for samarbeidet.

Samarbeidande redaksjonar kan finne tilgjengeleg journalistikk gjennom ein nyopprettet nyheitsfeed.

Avtale med 130 lokalaviser

Som første steg inngår Energi og Klima eit samarbeid med Landslaget for lokalaviser (LLA), slik at medlemsavisene får tilgang til innhaldet gjennom den nye tenesta.

– Samarbeidet med Energi og Klima kan gi nye inngangar til klimastoffet og gjere det lettare for lokalavisene å sjå nærare på lokale konsekvensar av den globale utviklinga, seier generalsekretær Tomas Bruvik i LLA.

Energi og Klima opplyser at dei sidan midten av mai har styrkt redaksjonen med journalist Oskar H. Tveitdal, noko som har gitt rom for auka nyheitsproduksjon.

Klimadesken byggjer vidare på erfaringane frå deling av journalistikk frå nettavisa si Brussel-dekning, som mellom anna blir nytta av Dagsavisen, Teknisk Ukeblad og Nationen.

Prosjektet er støtta av stiftinga Umoe og Agenda Vestlandet.

Powered by Labrador CMS