Nesten to millionar innom Noregs VM-kamp

Espen Moe Breivik
nyhetsstudio

Nesten to millionar sjåarar var innom TV 2s sending frå Noregs kvartfinale mot England i fotball-VM natt til sundag. Det går fram av ei pressemelding frå TV 2.

Over 10.000 samla seg i Nygårdsparken i Bergen.

Kanalen opplyser at 1.632.000 såg heile kampen i snitt, medan sjåartoppen var på 1.755.000 klokka 23.15.

– Når så mange nordmenn samlast for å følgje kvartfinalen midt på natta, viser det at vi framleis treng dei store, felles leirbåla, seier TV 2-sjef Olav T. Sandnes i pressemeldinga.

TV 2 peikar også på at over 10.000 menneske samla seg i Nygårdsparken i Bergen for å sjå kampen på storskjerm, og at hundretusenvis har delteke på offentlege VM-visingar rundt om i landet gjennom meisterskapen.

Den andre kvartfinalen, mellom Spania og Belgia, hadde eit snitt på 756.000 sjåarar, medan toppen var på 1.016.000, ifølgje TV 2.

Powered by Labrador CMS