Nyheitsjournalist Vidar Eidhammer i NRK vart tildelt prisen som ei overrasking under eit fredagsmøte i dag.
Foto: Samlaget
Alf Helleviks Mediemålpris:
NRK-journalist får normert nynorskpris
«Prisvinnaren har nærast blitt eit nynorsk varemerke», meiner juryen.
Denne artikkelen er over tre år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.
Alf Helleviks Mediemålpris blei delt ut i dag til Vidar Eidhammer i NRK. Det melder Samlaget i ei pressemelding.
Eidhammer vart fast tilsett i Nyheitsdivisjonen i NRK i september 2014. Han gjekk ut av Nynorsk mediesenter i Førde i februar 2007, og har stort sett jobba i radionyheitene etter det.
Juryen seier mellom anna følgande om Eidhammer:
«Prisvinnaren har nærast blitt eit nynorsk varemerke, ein dagleg nynorsk-garantist i NRK sine nyheitssendingar på radio. Vidar Eidhammer er eit viktig symbol for at det nynorske normaltalemålet skal leva i det offentlege rommet.»
Juryen grunngjer vidare:
«Prisvinnaren må til dagen jobba intenst med å gjera vanskelege saker forståelege i den aller kortaste, munnlege journalistiske sjangeren – bulletengen. Det er ein krevjande jobb. Vidar Eidhammer meistrar denne oppgåva på ein framifrå måte. Bodskapen som kjem frå Eidhammers munn er alltid råd å forstå. Med si rolege og dynamiske røyst når innhaldet fram til publikum utan støy og utanomsnakk.»
Alf Helleviks mediemålpris skal gå til yngre faste nynorskbrukarar i radio og TV som legg vekt på å dyrke eit normalisert, nynorsk talemål. Prisen, på 25.000 kroner, har blitt delt ut sidan 1998.
Juryen har bestått av Magni Hjertenes Flyum, Sølve Rydland og Geirmund Henjum.
Nylige artikler
Rustad etter advarselen: – Vi forandrer oss ikke i essens
– Vil egentlig håpe noen klager til PFU
Følg høstmøtet til NR direkte
Derfor får KOM24 nei til pressestøtte – mens M24 får ja
Skyter vi oss selv i foten med gratis journalistikk til de unge?
Mest leste artikler
Fekk tilsnakk av korrespondenten: – På verst tenkeleg tidspunkt
«Profeten i Bærum»-regissøren snakket ut: – Skjønte at jeg ikke hadde kontroll
NRK-profilen er «fornøyd mann» hos hårklinikk – nå er NRK-navnet fjernet
Det er ikke personlig. Det er bare journalistikk
– Dette er sjokkerende. Jeg blir dritforbanna