OM MEDIER MIDT I UKA:

Pangram og nynorsk juksing

Å skrive nynorsk er ikkje alltid eit konkurransefortrinn, men no slår KI det heile fast: nynorsk er meir menneskeleg enn bokmål!

Språkdetektoren Pangram slår ikkje språkforskar Ivar Aasen.
Publisert
Lesetid: 2 min
  • Dette er en analyse, og ble først publisert i Journalistens nyhetsbrev «Om medier midt i uka». Innlegget uttrykker skribentens synspunkter.

Rekk opp handa alle journalistar som har testa KI-detektoren Pangram den siste veka! 

I Manifest Media har dei ikkje gjort anna, for nyleg publiserte dei ei undersøking av tekstane til fem NRK-kommentatorar, med fleire utslag på økonomikommentator Cecilie Langum Becker sine publiseringar.

Seinare fekk kronikkar frå samfunnsdebattant Asle Toje gjennomgå. 

Sidan har mediedebatten rast. Han handler ikkje lenger om «har denne personen brukt ChatGPT», men om kor i journalistikken det er innafor og ikkje, og kva det vil seie å skrive sjølv. 

På den eine sida står dei som ser for seg dommedag og tvert vil seie nei. Og som kanskje ikkje har tenkt over at til og med retteprogrammet dei brukar er ein slags KI.

På den andre sida står frelste sjefsredaktørar som har festa sin lit til at KI skal redde mediets framtid, ja til og med vaske på kontoret, i ei tid utan annonseinntekter.

Blant dei freldste er Aftenposten og VG, som lar både journalistar og kommentatorar bruke ei rekke KI-verktøy, men understrekar at kommentatorane må tenkje og skrive sjølv. Nettavisens Alexandra Beverfjord er enda tydelegare, og seier at KI-bruk ikkje er noko problem, dersom fakta og meiningar er forfattarens eigne. 

Men kva har dette med nynorsk å gjere?

Sidan Pangram har fått ei rolle som ein slags promillemålar for norsk media i det siste, har også mitt 7-dagers prøveabonnement gått varmt.

Eg har testa ei rekke medier og artiklar, samt eigne tekstar. For kor mykje kan ein eigentleg stole på ein detektor som dette?

På Pangram si nettside står faktisk ikkje norsk som eit språk modellen offisielt støttar. Svensk derimot er lista opp, men ikkje norsk. I ein tidlegare versjon av detektoren var norsk nemnd, men ikkje per juli 2026. 

Svaret kan vere at norsk i ein slik teknologi, som eit relativt lite språk, har langt mindre data enn for eksempel engelsk. Dette veit vi jo at er ei svakheit i mange KI-verktøy, som truleg har gjort utviklinga noko treigare enn enkelte frelste hadde håpa på. 

Det fekk meg til å tenkje: er detektoren enda svakare på nynorsk? Dette måtte eg teste!

Eg bad derfor ChatGPT skrive ein kommentar til Journalisten, om kvifor det bør vere greit for journalistar og kommentatorar å bruke KI i sine tekstar. Ein versjon på bokmål, og ein på nynorsk. 

Etter å ha levert tekstane til Pangram, er resultatet slåande:

Detektoren meiner at bokmålsteksten er 96 prosent KI, og konkluderer med at teksten på nynorsk berre er 35 prosent KI. 

Kunstig intelligens slår altså fast at nynorsk er 61% meir menneskeleg enn bokmål! Endeleg eit teknologisk konkurransefortrinn til målrørsla.

Derfor er tipset til alle latsabbar der ute: som så mykje anna er også juksing betre på nynorsk. 

Til opplysning: Teksten er skrive 100 prosent av eit menneske. Eller?

Powered by Labrador CMS