– Vi ønsker å teste ut ein kombinasjon av opptak på bakgrunn av karakterar og motivasjonsbrev også for vår praktiske bachelor i journalistikk, skriver artikkelforfatterne.

DEBATT:

Ja til motivasjonsbrev frå journalistikk-studentane

Vi les gjerne motivasjonsbrev frå journalistikkstudentane, og trur det er kombinasjonen av karakterar og motivasjon som vil sikre mest mogeleg mangfald og dei mest kompetente og motiverte journalistane.

Publisert
  • Dette er et debattinnlegg. Innlegget uttrykker skribentens egne synspunkter.

Vi er svært glade for våre journalistikkstudentar, som er landets best kvalifiserte. Studentane som begynner neste veke måtte ha 58,3 poeng eller meir på ordinær kvote for å komme inn

Det betyr at bachelorutdanninga i journalistikk ved UiB er landets vanskelegaste å komme inn på. Nålauget har aldri vore trongare, og vi må kvart år seie nei til mange hundre karaktersterke og motiverte kandidatar.

Vi fryktar at eit einsidig fokus på karaktersnitt kan føre til mindre mangfald blant framtidas journalistar. Journalistikken og journalistar bør til ein viss grad vere representative dersom ein skal oppfylle samfunnsrolla. Er ein det ikkje, kan det vere eit demokratisk problem. 

NJ Student-leiar Renate Karlsmoen er bekymra for framtidas mediebransje fordi karakterkrava er så høge, og meiner at toppkarakterar i kjemi og fysikk ikkje bør vere nødvendig for å bli ein god journalist. Karlsmoen føreslår å inkludere motivasjonsbrev i tillegg til karakterkrav for opptak til bachelorstudiet i journalistikk, for å sikre norsk mediebransje både dei best kvalifiserte og dei mest motiverte studentane. 

Det er ikkje karakternivået i seg sjølv som er problemet, men at studentane må vere motiverte for studiet. Vi synest forslaget til NJ Student-leiaren om motivasjonsbrev er godt. Dette har vi også eit ønske om, etter å ha hausta svært positive erfaringar med motivasjonsbrev i vår praktiske master i undersøkande journalistikk. 

Det er ikkje karakternivået i seg sjølv som er problemet, men at studentane må vere motiverte for studiet.

Vi ønsker å teste ut ein kombinasjon av opptak på bakgrunn av karakterar og motivasjonsbrev også for vår praktiske bachelor i journalistikk fordi vi trur vi slik kan uteksaminere endå meir mangfaldige, motiverte og kompetente studentkull.

Per i dag er dette ikkje mogeleg. Dagens opptakssystem legg opp til få element av skjønnsbaserte og individuelle opptakskrav, og i fjor stramma Opptaksutvalet inn regelverket for opptak til universitet og høgskular og føreslår eit system der karakterane skal bestemme, og ikkje anbefalingar, motivasjonsbrev og utanomfaglege aktivitetar.

Opptaksutvalet peikar på dei negative konsekvensane ved slike element, blant anna at det er vanskelegare å vurdere denne type opptakskriterier objektivt fordi vurderingane ikkje er standardiserte. Og at studentar med økonomiske ressursar vil ha større fortrinn enn andre. 

Vi ser innvendingar mot, men ser samstundes fleire argument for ei ordning med motivasjonsbrev. I fleire år har vi hatt motivasjonsbrev som del av opptakskravet på master i undersøkande journalistikk. Erfaringane er gode. Studentane kan her søke opptak enten på bakgrunn av karakterar eller på grunnlag av journalistisk erfaring og motivasjonsbrev. 

Det er tydelege krav til kva motivasjonsbreva skal innehalde, blant anna kvifor ein søker studiet og kva ein vil bruke utdanninga til. Og det er ikkje synsing som avgjer kven som kjem inn, opptakskomiteen ved UiB har tydelege kriterium og klar poengskala å halde seg til. 

I årets bachelorkull er 82 prosent av studentane karaktersterke kvinner. Andelen kvinner er høgare enn nokon gong, og skeivheitene er store også kulturelt og etnisk. Kvart år sluttar fleire studentar hos oss fordi dei har nytta studiet vårt til å samle poeng for å komme inn på andre studier, med endå høgare poengkrav.

Vi veit at dedikasjon og motivasjon, saman med gode karakterar, er viktig for å bli ein god journalist. Vi les gjerne motivasjonsbrev neste år for å sjå om vi klarer å fange opp dei som kan gi oss meir mangfaldige studentkull. 

Powered by Labrador CMS