– Det kjennest mykje meir personleg enn det gjorde i Brasil, seier ho.
– Ikkje ein jobb for ein innvandrar
Vallejos er utdanna journalist i heimlandet, og tok master ved Høgskulen i Volda.
Vegen inn i journalistyrket var likevel langt frå enkel. Vallejos fortel at ho fekk hundrevis av avslag på jobbar ho søkte etter at ho kom til Noreg.
– Eg byrja å tenke at innvandrarar ikkje kan få slike jobbar, det var jo det folk hadde fortalt meg.
Men Vallejos var og ville vere journalist.
Gjennombrotet kom gjennom praksis i Vikebladet og SøreTV, eit video- og sosiale medium-samarbeid mellom fleire aviser. I Møre-Nytt fekk ho vidare vikariat, og er no fast frilanser.
Annonse
Talent og eit blikk utanfrå
Ansvarleg redaktør Tormod Utne innrømmer at Vallejos mangla noko av det lokalaviser vanlegvis ser etter. Likevel valde Møre-Nytt å satse.
– Ho er fagleg flink, nysgjerrig og har stor stå-på-vilje. Dei eigenskapane trumfar ulempene med språk og førarkort, seier Utne.
Han meiner moderne teknologi gjer fleire av hindringane mindre enn før.
– Ho intervjuar på engelsk, brukar kunstig intelligens til å omsetje til nynorsk, og så kvalitetssikrar vi teksten. Det viktigaste er at ho er ein god journalist.
Utne meiner Vallejos tilfører redaksjonen noko meir enn berre arbeidskraft.
– Ho ser ting med eit anna blikk. Vi som har vore her lenge tek mykje for gitt. Ho stiller spørsmål om ting vi aldri tenkjer over. Det er sunt å få eit utanfråblikk.
Han meiner fleire redaksjonar bør tørre å tenkje annleis når dei rekrutterer.
– Mange kjem ut av den same støypeforma. Vi treng meir mangfald i redaksjonane. Vi gjer det fordi ho er ein dyktig journalist, seier redaktøren.
Ein intervjuserie med ukrainske flyktningar på Sunnmøre var det første videoprosjektet til Vallejos.Foto: Cleiton Zimer
Når ungt og internasjonalt
Med god hjelp frå jobben i lokalavisa arbeider Vallejos med å lære seg norsk. Ho har allereie rukke å bli ein nynorskforkjempar.
Annonse
Dei fleste av videoane lagar ho på engelsk med norsk tekst, noko som har utvida lesergruppa til avisene.
– «Endeleg kan eg forstå kva som skjer i kommunen min», var ei tilbakemelding vi fekk. Mange utlendingar føler at media vanlegvis ikkje bryr seg om dei, seier ho.
Slik er Vallejos ei bru mellom det internasjonale miljøet i kommunene og lokalavisa.
Ho har kjelder i studentmiljøet og når ungt, forklarar redaktøren.
– Ho har nesten blitt ein lokalkjendis blant dei unge på Instagram og Tiktok. Der får ho kontakt med ei gruppe lokalavisene ofte slit med å nå, der engelsk ofte ikkje er noko problem, seier han.
Då Norge spelte mot Brasil under VM var det Giordanna og mannen som vart saka, som to brasilianarar i norsk supporterhav i Volda.Foto: Cleiton Zimer
Eit Google-søk avgjorde skjebnen
Vallejos hadde eigentleg aldri tenkt på Noreg, men eit Google-søk etter ein praktisk master i journalistikk fekk ho til å oppdage Høgskulen i Volda. Etter å ha sett bilete av fjordar og fjell var ho selt.
– Eg vurderte fleire universitet i Europa og Amerika, men det var noko med Volda som trefte meg. Eg kjende at eg berre måtte hit. Det viste seg å vere den rette avgjerda, seier ho.
Vallejos har ingen planar om å flytte tilbake til Brasil.
No skal ho lære norsk på heiltid, ta norsk førarkort og håpar etter kvart å få ei fast journaliststilling.
– Folk her gav meg moglegheita til å jobbe med det eg elskar, sjølv om eg ikkje kunne språket. Dei stolte på meg. Eg kjenner at dette er heimen min no.
Annonse
Ho håpar historia hennar kan få fleire redaktørar til å sjå forbi det tradisjonelle CV-skjemaet.
– Gi innvandrarar ein sjanse. Vi kjem ikkje berre med ei anna historie, vi kjem med eit anna perspektiv. Nokre gonger treng du berre éin sjanse til å vise kva du er god for, seier ho.
Nylige artikler
Søkte hundrevis av jobbar – no er ho nærmast ein lokalkjendis
– Her skjedde ein glipp
Hvor mange ganger må dere vise ansiktet til Infantino, NRK?
Journalistane endra badevaner etter avsløringane
Nødetatane i mediene: Vil bort frå peikefinger
Mest leste artikler
Tønsbergs Blad sletter video: – Rett og slett lavmål
Hvor mange ganger må dere vise ansiktet til Infantino, NRK?
– Overraska over kor lite regulert det er
Nødetatane i mediene: Vil bort frå peikefinger
Søkte hundrevis av jobbar – no er ho nærmast ein lokalkjendis