«Media er den fjerde statsmakt, og må i denne katastrofale situasjonen i langt større grad utfordre styresmaktene våre. Media skal også forsvare menneskerettar og vere dei stemmelause si stemme, skriv Marianne Sunde.

DEBATT:

Journalistar kan ikkje vere nøytrale til folkemord

Vi skuldar våre journalistkollegaer som har ofra livet, å gjere alt som står i vår makt og legge press på styresmaktene våre for å få til våpenkvile.

Publisert Sist oppdatert
  • Dette er et debattinnlegg. Innlegget uttrykker skribentens egne synspunkter.

«Det er folkemord. Verda er medskuldig.» Det var den korte meldinga eg fekk frå ein overarbeidd og livredd palestinsk journalist på Vestbreidda den 2. november.

Som frilansjournalist med litt kjennskap til Midtausten, hadde eg kjent på at eg må vere med å informere, og hadde eit hjartesukk overfor ein norsk journalistkollega: «Akkurat no skulle eg ynskje eg var i ein redaksjon og hadde ei avis eg dagleg kunne skrive for. Og fekk til svar: «Ver glad du ikkje er det. Vi må vege orda våre på gullvekt.»

Svaret gjorde meg djupt uroleg. Kvar er vi på veg?

Israel opplevde det verste åtaket i landets historie den 7. oktober. Og vi visste frå tidlegare at den israelske regjeringa ville svare med uproporsjonal hemn. Bombing i Gaza starta allereie same dag. Det kom varsel om at dette ville bli styggare enn nokon gong.

– Kjempar mot dyr

Den 9. oktober uttaler den israelske forsvarsministeren Yoav Gallant: 

– Vi gjennomfører ei fullstendig kringsetjing av Gaza. Der blir ikkje noko elektrisitet, ikkje vatn, ikkje mat, ikkje drivstoff. Alt vil bli stengt. Vi kjempar mot dyr og handlar deretter. 

Dagen etterpå legg han til: – Vi vil eliminere alt.

I dagane som følgde var mediebildet prega av det grusomme terroråtaket utført av Hamas i Israel. Vestlege journalistar var no i Israel, og fekk ikkje krysse grensa til Gaza. 

Sjølv sakna eg at journalistar, som rapporterte frå grensa, var tydelegare på kva katastrofe innbyggjarane i Gaza no stod overfor. Det er etisk umogleg at verdas femte sterkaste militærmakt set inn sin enorme kapasitet for å bombe eit av verdas tettast befolka område, like stort som Mjøsa, med 2,3 millionar innbyggjarar, der halvparten er barn. Likevel skjer det. 

Det er heller ikkje mogleg å fjerne Al-Qassam-brigadane i Hamas gjennom denne krigen, ein kan ikkje bombe vekk ein ideologi. Krigen vil berre føre til massiv rekruttering. Og sjansane for å få heim alle gisla i live, minkar.

Folkemord på forsida!

Al Jazeera sender direkte, og for kvar dag som går, blir det verre og verre. Bilder og videoar kjem ut på sosiale media. Folk er djupt fortvila over det dei ser. Redaktør i ABC Nyheter skriv i Journalisten 9. november at han er blitt utsett for epostaksjon med bøna: «Sett folkemordet i Gaza på forsiden nå!»

På sosiale media er mange tydeleg fortvila over tagnaden om realitetane i Gaza dei første vekene av krigen. Det gjer inntrykk å lese innlegget «Jeg er så sliten av å være palestiner i Norge» av den unge kvinna Zaineb Abdulsatar, på Si;D i Aftenposten den 13. november: 

«Folket mitt utsettes for et folkemord, og det virker som ingen vil høre etter. Uansett hvor høyt jeg roper, eller hvilke fakta, tall og bilder jeg legger frem. Jeg vet at jeg ikke er den eneste palestineren som føler på ikke å bli hørt eller sett. (…) For det smerter at det ikke ropes enda høyere i fredsnasjonen Norge om drapene på sivile palestinere.»

Forsvar å bombe sivile?

Under toppmøtet i Kairo den 21. oktober sa utanriksminister Espen Barth Eide:

 – Israel har rett til å forsvare seg, men det må skje innan folkeretten. 

Bombinga var allereie i gang, og vi visste at Israel ikkje overheld internasjonale reglar og FN-resolusjonar. Kvifor uttala han seg så vagt? Og kva slags forsvar er det å bombe ei sivilbefolkning?

Da NRKs Yama Wolasmal spurde statsminister Jonas Gahr Støre om kvifor han ikkje har vore tydelegare, sa han avslutningsvis: 

–Norge er en venn av Israel, som er en utsatt stat i en region. Hele historien med det jødiske folks historie krever også en aktsomhet i forhold til det.

Styresmaktenes forsiktige balansegang av omsyn til Israel blir gjenfunne i medienes balansegang: «Vi må vege orda våre på gullvekt. Vi må ha balanse i dekkinga.» Men kva er balanse?

Kritikk er naudsynt

«Aldri meir» må ha eit levande innhald når vi skal ta lærdom av Holocaust, og det må journalistar og deira overordna vere tydelege på. Kritikk av den nasjonalistiske regjeringa til Benjamin Netanyahu er naudsynt. 

Den legendariske israelske journalisten Gideon Levy i Haaretz seier:  – Det er fascistar i regjeringa, og i Europa ville nokre av dei blitt rekna som nynazistar. 

Journalistar her til lands som fortel sanninga om overgrep og krigsbrotsverk som Israels regjering og forsvar (IDF) er ansvarlege for, vert skulda for antisemittisme. Dette er ikkje nytt. Det er nok å vise til at Facebook-gruppa «Vi som støtter Sidsel Wold og den frie presse» vart oppretta på grunn av hets mot Wold for hennar reportasjar frå Israels bombing i Gaza sommaren 2014. 

Manipulerande skuldingar om antisemittisme er uhøyrt, det må ta slutt og vi må stå imot.

Etterlysar modige leiarar

Sjølvom Noreg har vore tydelegare enn mange andre land, og stemde for våpenkvile i FN, er det likevel mange spørsmål å stille. Enno har ikkje regjeringa fordømt at Israel gjekk til krig mot Gaza. Kvar blir dei av, alle vidare oppfølgjingsspørsmål til statsministeren og utanriksministeren?

– Hvor er de modige lederne nå? spurde kommunikasjonsrådgjevar Kristina Bolstad Picard i eit innlegg i Dagens Næringsliv. Ho peika på at næringslivets tagnad no er øyredøyvande. Ho etterlyste engasjement frå norske verksemder på lik line med engasjementet dei viste for Ukraina. 

I Dagsnytt 18 møtte ho NHO-direktør Nina Melsom, som unnskylda det med følgjande: – I Ukraina-konflikten var norske styresmakter tydelegare.

Skal forsvare menneskerettar

Media er den fjerde statsmakt, og må i denne katastrofale situasjonen i langt større grad utfordre styresmaktene våre. Media skal også forsvare menneskerettar og vere dei stemmelause si stemme.

Ein million barn i Gaza er ikkje terroristar. Dei blir traumatiserte for livet av Israels bomber. Om dei overlever. På dag 66 av krigen (11. desember) er talet på drepne barn 7729. Barn, og babyar, er lemlesta og gjennomgår umenneskelege smerter, rein tortur, fordi det er mangel på smertestillande medisin. Operasjonar og amputasjonar må foregå utan tilstrekkeleg anestesi. Barn døyr av smerter. Jamfør brevet som Leger uten grenser har sendt til regjeringa

Av Gazas befolkning er totalt 18.200 drepne, nærare 50.000 skadde og 1,9 millionar er internt fordrivne. Gaza-stripa ligg i ruinar og tusenvis er sakna, dei fleste er barn. Helsehjelpa har brutt saman. Det er matmangel, halvparten av innbyggjarane svelt. Dei manglar vatn, folk må drikke forureina vatn, og det er stor fare for vassborne epidemiar. Titusenvis har fått diaré og luftveisinfeksjonar. 

– Barna kjem til å døy først, uttalte lege Erik Fosse til Klassekampen.

Media har makt

Ei militær stormakt mot ei sivilbefolkning. Ubalansen er grotesk.

– Vi har ikkje noko ynskje om å råke sivile, seier Netanyahu.

«Israelske desinformasjonskampanjer undergraver medienes troverdighet», skriv RSF.

Tilsaman 63 journalistar og mediearbeidarar er drepne i krigen sidan 7. oktober. Vi skuldar våre journalistkollegaer som har ofra livet, å gjere alt som står i vår makt og legge press på styresmaktene våre for å få til våpenkvile. 

Mange journalistar gjer ein framifrå jobb i desse blytunge dagane, nokre gjer ein ekstreminnsats, men no må mediemakta brukast av alle for å verne om menneskerettar og folkeretten slik at det pågåande folkemordet vert stoppa. Det er lagnadstime for menneskja. 

Det hastar. Gullvekta må bort. Vi kan ikkje vere nøytrale til folkemord.

Powered by Labrador CMS