Journalistisk integritet og ideologisk integrasjon
I ein diskusjon om journalistars integritet høyrer også heime ei drøfting av dei ulike media sin ideologisk integrasjon av medarbeidarane sine. Prinsessebryllaupet i Trondheim mai 2002 viste korleis livssynsmessig og ideologisk integrasjon pregar reportasjane. Eg gjorde ei samanlikning av pressedekninga av bryllaupet i Vårt Land, VG og Dagbladet dagen etter. Og for å seie det med eit sideblikk til Askeladden: Kva fann eg?
Denne artikkelen er over ti år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.
VÅRT LAND:
Ikkje uventa legg avisa tyngde i det kyrkjelege innhaldet. Brudeparet si sjølvskrivne bøn er slått stort opp over framsida ilag med eit bilde av «ja-øyeblikket».
Vårt Land dekker bryllaupet over 11 av 40 sider. Avisa vinklar seg inn på hendinga ved hjelp av 10 ulike artiklar.
Blant anna vinklar dei vigsla frå ein pub i trønderhovudstaden.Vårt Land melder at Märtha Louise er kledd i offwhite silkedichesse brudekjole og med eit tre meters slep, men er først og fremst opptekne av at Märtha Louise og Ari er pilegrimar i den «nye åndelighets tegn». «De velger å legge sin åndelige reise inn i kirken og Guds velsignelse», skriv avisa. På leiarplass meiner sjefsredaktør Helge Simonnes at «et bryllup er aldri en privatsak. Det involverer og får konsekvenser for familiemedlemmer, venner og andre omgivelser».
Biskop Wagles vigselstale blir gjengitt. I det heile føyar Vårt Land-artiklane seg inn i den ramma som eit bryllaup i ein norsk katedral foregår i.
VERDENS GANG:
VG har 80 sider denne mai-laurdagen. 20 handlar om bryllaupet, og som i Vårt Land er det full utmaling over framsida. Biskop Wagle-sitatet «Verden er vakrere med dere» er kombinert med eit tekstunderstrekande bilde av brudeparet frå sjølve vigsla.
Det indre VG opnar med ein stor kommentarartikkel av Olav Versto: «Magisk familiefest». Versto meiner det var ein fabelaktig festdag og viser til at det finst ei slags pakt mellom kongen personleg og kyrkja. Versto er oppteken av grensedraginga mellom det private, offentlege, kyrkjelege og politiske. Arikkelen dreiar seg mykje om roller og legitimering av kongehuset. Versto meiner biskop Stålsetts forretting ved Haakon Magnus og Mette-Marit sitt bryllaup var fenomenal, medan Wagle var «svært god».
Neste VG-artikkel har tittelen «Nattens konge» og gjeld bryllaupsfesten i Stiftsgården. Märtha Louise blir sitert på replikken «Skål!» og Ari Behn på replikken «Jeg elsker deg».
I artikkelen «Gråt for kjærligheten» formidlar tre journalistar gjestereaksjonar under seremonien i Nidarosdomen: «Kronprins Felipe av Spania strakte hals», står det. «Märtha brast i gråt, dypt rørt over kronprins Haakons teskstlesing». I denne artikkelen er VG utan atterhald om den vakre framføringa og det varme innhaldet i vigsla. «Nydelige og varme ord», skriv avisa om Haakon Magnus si opplesing av Davidssalme 23. Avisa siterer til og med nokre vers. Men først og fremst legg avisa vekt på uttrykte emosjonar som at «Ari skalv på hånden» «dronning Margrethe strålte» og «Morten Abel smilte forsiktig samtykkende» og «mor og datter holdt blikket til hverandre, lenge, lenge».
Bak artikkelen «Et mirakel av en kvinne» har ein bøling på seks journalistar halde vakt over sjølve KYSSET, det i sanseleg forstand uunngåelege høgdepunktet: «Men Märtha ville ha mer», skriv journalistane «hun lente seg mot sin mann, men det ble med det ene …». Så siterer artikkelen Ari-orda frå bryllaupstalen i Stiftsgården: «Å vite at du finnes, får meg til å vite at også Gud er nærværende».
I artikkelen «Hyllesten» viser VG at dei er opptekne av korrekt og nøyaktig informasjon: Avisa er nesten petimetrisk når ho oppgir avstanden frå Nidarosdomen til Stiftsgården til 651 (!) meter. (Dagbladet er meir slurvne, og rundar av til 600 meter)
Så får vi eit bilde av dronning Sonja og Ari med tittelen «Sonja tok fast grep om Ari på bryllupsdagen». Bilde og tekst formidlar den kongelege aksepten av Ari.
VG set av to sider til eit stort fargefoto av alle kongelege gjestar og heile fire sider til å karakterisere bryllaupskjolane til dei mest kjende aktørane med tilhøyrande terningkast.
Ein del glimt frå gater og streder er der også.
I forhold til Vårt Land har VG lagt inn ein viss distanse til det kyrkjelege innhaldet i brudevigsla. Men avisa er ikkje meir distansert enn at ho gjengir eit utdrag av Haakon Magnus si tekstlesing.
DAGBLADET:
Tradisjonelt er Dagbladet den av dei store tabloidavisene som har programfesta distanse til såvel kongehus og kyrkje. Men avisa er med på leiken. Avisa, som denne laurdagen er på 64 sider, har sett av 15 til prinsessebryllaupet. Dei er ei aning meir knipne enn VG. Men ikkje mykje.
Alt på side 1 tonar Dagbladet ned bryllaupet i forhold til Vårt Land og VG. Høgtida blir pressa av ei smal tilvisingsramme for anna stoff. Dagbladet førstesidesiterer Ari Behn på replikken «I dag er du og jeg selve livet» og let sitatet følgje eit bilde av ei hengiven Märtha Louise, som vender seg mot den smilande, lune og avmålte Ari.
Dagbladet skriv ikkje om bryllaupet på leiarplass, eller på sentral politisk kommentatorplass, men har ein minileiar til slike ting dei ikkje kan ta heilt alvorleg. Under tittelen «Avisbønn» heiter det: «Vårt Lands redaktør oppfordrer leserne til å be for brudeparet. Det var nå veldig tidlig».
På side 3 er bryllaupet rett nok tema for Hallvard C. Hanssen-petiten «Etter den søte kløe». TV-overføringa frå Nidarosdomen får han til å tenke på menns sans for pupper.
Det vi må kunne oppfatte som Dagbladet sin hovudartikkel, har tittelen «Og så kom kysset». «Mens publikum skrek …. tok Ari tak i Märtha og gav henne kysset hele Norge ventet på», skriv avisa og har til og med hatt tidtakarar: «4 lange sekunder», varte det sanselege klimakset.
Dagbladet synest å legge vekt på det opplagt sanselege: «Med varmt blikk fulgte han sin tilkomne hustru», skriv avisa om Ari og legg til at «alle vil huske Ari Behns innbitte, skrått oppoverkikkende blikk og voldsomme konsentrasjon som utstrålte at «dette er øyeblikket, nå gjelder det» »
Dagbladet siterer biskop Wagle på det han seier om Askeladden og dei gode hjelparane hans, men forbigår den hjelpa Wagle tilviser i Jesus. Det næraste Dagbladet kjem ein bibelsk referanse er når avisa siterer Anja Sabrine Bjørshol, Aris 27 år gamle søster, si høgtlesing frå Høgsongen. Kanskje fordi teksten er poetisk, sanseleg og isolert sett utan religiøse haldepunkt:
«Som en lilje blant tornebusker, slik er min elskede blant piker. Som et epletre blant skogens trær, slik er min venn blant unge menn», står det.
Meir fortel ikkje Dagbladet om høgtida i Nidarosdomen. I den neste artikkelen «Valset seg inn i natten» får Märtha Louise og Ari Behn terningkast for brudevalsen. Cecilie og Kim Rygel, med åtte danse-VM-gull bak seg, kastar terningane.
Som VG skildrar også Dagbladet det folkelege folkelivet. Avisa melder om fleire kjende fjes i trondheimsgatene, eitt av dei er handballspelaren Trine Haltviks.
Som VG gir også Dagbladet bryllaupskjolane terningkast. Kjoleekspert Mona Grudt kastar. Det er godt stoff, men mange spør seg kvifor dei kongelege ikkje går til kjoleekspertane før dei utrustar seg. Så hadde vel alle fått seks?
I tillegg har Dagbladet ei eiga fleipeside om bryllaupet medan Hallvard C. Hanssen i kommentarartikkelen «Overskudd av kjærlighet» går så langt som til å skrive at «Folkets kongedømme gikk seirende ut av Nidarosdomen i går». Hanssen er den einaste i Dagbladet som nyttar eit positivt lada adjektiv om den seremonielle høgtida: «Biskopens og seremoniens vennlige høytidelighet», skriv han.
Dagbladet trykker Kong Harald og Ari Behns tale, men ikkje biskop Wagles.
Så rundar avisa av med å fortelje at Märtha Louise er «pappas pike» for så å la Sidsel Benneche Osvold ha siste ordet med vekt på Ari Behns tale, retorikken og soga om Askeladden.
Og dett var dett. Samanlikninga viser at journalistikk foregår på ulike plan i norske aviser. VG- og Dagblad-dekningane fortel oss at journalistisk integritet er eit relativt omgrep. Journalistane i desse avisene let seg i særleg grad bøye inn under ein ideologisert og marknadstilpassa setting. Dei er verkeleg med på ein ideologisk integrasjon. Medan VG synest opptekne av høgtida som eit politisk rollespel, men likevel er ein god grand vennlegstilte til den kyrkjelege seremonien, dyrkar Dagbladet den fobiske distansen til religionen og er faretrugande nær å retusjere historia. Det blir litt mykje «Jeg er ikke kristen, men Sissel Kyrkjebø synger godt».
Journalistisk integritet er nok ikkje eit så opplagt omgrep som enkelte hevdar.
Leiv Arne Grimstad, Hareid
(journalist i Vikebladet Vestposten)