Russiske journalistar med norsk dokumentar

Espen Moe Breivik
nyhetsstudio

To journalistar frå den uavhengige russiske avisa Novaja Gazeta kjem no til Kirkenes med ein ny dokumentar om heksebrenning i Skandinavia, filma i Nord-Noreg.

I filmen trekk dei parallellar til dagens Russland.

31. juli har dokumentaren «Eternal Flame» verdspremiere under Terminal B i Kirkenes. Bak filmen står Tatiana Britskaya og Irina Vorobyova.

Journalistane arbeider for Novaja Gazeta, avisa som mista publiseringslisensen i Russland etter landet sin fullskalainvasjon av Ukraina, på grunn av antikrigslinja redaksjonen førte.

I 2023 vart avisa erklært som uønska organisasjon i Russland, beskriven som ekstremistisk av den russiske statsadvokaten. 

Redaktør Dmitrij Muratov fekk Nobels fredspris i 2021 saman med den filippinske journalisten Maria Ressa.

– Dokumentaren er filma i Nord-Noreg i vinter og tek utgangspunkt i hekseprosessane i Skandinavia. Gjennom historiske dokument prøver Britskaya og Vorobyova å identifisere både bødlane og dei som melde frå om dei skuldige, fortel Vilde Gjerde Lied, kommunikasjonsansvarleg i Pikene på Broen.

Saman med forskarar og antropologar undersøker journalistane kvifor heksejakter oppstår, og kva som får menneske til å angi kvarandre.

Journalistane opplevde at arbeidet med historia fekk ei urovekkjande aktualitet i lys av dagens Russland, der dei meiner ei ny bølgje av politiske forfølgingar, sensur og oppmodingar om å setje menneskerettar til side pregar samfunnet.

Tatiana Britskaya er gravejournalist og redaktør for undersøkande journalistikk i Novaja Gazeta, medan Irina Vorobyova er journalist og dokumentarskapar i avisa. Dei har dei siste åra arbeidd med ei rekkje saker om politisk undertrykking, sensur og menneskerettar i Russland.

Etter premieren blir det også opna ei utstilling om sensur og ytringsfridom, som viser verk av kunstnarar som lever i eksil eller arbeider under autoritære regime, fortel Lied.

Powered by Labrador CMS