DEBATT:
NRK sett utanfrå
Når NRK gjer narr av ein kommunal podkast med 300 lyttarar, ser det annleis ut frå Volda enn frå Stor-Oslo – for utanfrå blir det tydeleg at problemet ikkje er sjølve podkasten, men at ein lagar toppsak av det.
«Dei verkelege slukhalsane er ikkje kommunale informasjonskontor – dei med podkastar til 20.000 kroner», skriv Kristian Fuglseth.
Foto: Marte Vike Arnesen
- Dette er et debattinnlegg. Innlegget uttrykker skribentens egne synspunkter.
Min
kronikk handla ikkje om at NRK ikkje har skrive nok saker, men koplinga mellom ein
podkast til 20000 kroner, eit milliardprosjekt og ein informasjonskonsulent i ei
riksdekkjande toppsak om sløsing i offentleg sektor. De ser saka innanfrå
Stor-Oslo, eg ser henne utanfrå. Og utanfrå ser det annleis ut.
Det
er sunt å stå i Volda av og til. Hadde vi alle sete i Oslo og vurdert dekninga
derfrå, kunne ein fort oversett heilheita eller røynda slik den verkar for
resten av landet. Det er nettopp utanfrå-blikket som gjer at NRK sin jakt på
ein kommunal podkast gjev reaksjonar.
Er
der ei grense for lyttartal?
La
oss ta for oss podkasten først. Sjølv om ikkje alt er perfekt med podkastar i
offentleg sektor, blir det feil fokus når NRK harselerer over
Fornebubanen-podkasten med 300 lyttarar per episode.
Ville 3000, eller 5000
lyttarar vore godt nok for at det var legitim ressursbruk? Kvar går grensa? Må
alt målast i klikk og følgjarar?
Poenget mitt er at produksjonen er liten,
treffer den dei som er interesserte, og fyller ei konkret informasjonsplikt.
Kvalitet er ikkje målt i talet på lyttarar.
Det
veksande konsulentvesenet
La
oss deretter sjå på kopling til konsulentar som brukar offentlege ressursar. Kivinga
mellom pressa og kommunikatørar er ikkje ny, men har fått ein oppsving med omfanget
av oppdragskonsulentar av ulike slag. Desse forsterkar byråkratiet og fordyrar offentlege
prosjekt. Men i denne norske DOGE-varianten dreg ein alle under ein kam. Det
blir feil.
Dei verkelege slukhalsane er ikkje kommunale informasjonskontor – dei
med podkastar til 20.000 kroner. Heller ikkje informasjonsrådgjevarane på
andre sida av bordet til pressa – same bordet vel å merke. Nei, dei som
glir under radaren til pressa – også NRK, er konsulentindustrien,
advokathus og rådgjevarfirma som tek giganthonorar på offentlege prosjekt. Kven
granskar eit veksande konsulentvesenet?
Her oppstår eit fråvér av
offentleg søkjelys. Nokre døme på den nye sektoren som har fått ei så viktig
rolle i utviklinga av offentlege prosjekt, kan til dømes vere Sopra Steria,
Norconsult, Multiconsult, Deloitte og PwC. Desse leverer analysar, planlegging
og rådgjeving i nær sagt alle kategoriar. Du får samferdsle, men også helse,
teknologi, forvaltning og framlegg til nye forskrifter.
Slik bidreg dei til
mange av premissane som politikarar og styresmakter må ta stilling til, ofte i
prosessar som det kan vere krevjande for offentlegheita å følgje i detalj.
Så
til lyttar-konkurransen
Kommunale
informasjonsfolk blir lette å ta, fordi dei er synlege og nære – og fast
tilsette. Men det store biletet kan ein kome lettare på sporet av når ein står
utanfor Oslo-gryta.
Eg
har aldri påstått at NRK ikkje har laga saker om Fornebubanen. De har vore tett
på lokalt, men ei riksdekkande podkast-sak er eit lite vellukka døme på offentleg
sløsing. Her finn ein fråvéret, og utanfrå stiller vi oss spørsmålet om kor
mykje radiotid og nettplass skal ein nytte på å harselere over ein podkast?
Det
verkelege problemet er ikkje at det finst ein podkast – men at
samfunnsoppdraget skal handle om å avsløre kven som har flest lyttarar på
podkastane sine.