DEBATT:
NRK kastar stein i glashus om podkast
NRK kritiserer offentleg sektor for å bruke pengar på podkastar som nesten ingen lyttar til – som Fornebubanen sin. Men når dette prosjektet er blant dei største i norsk samferdslehistorie og NRK sjølv knapt har dekt det, trengs ei påminning om statskanalen si rolle.
Arkivfoto: Kristine Lindebø
- Dette er et debattinnlegg. Innlegget uttrykker skribentens egne synspunkter.
Spørsmålet
er relevant – men ikkje på den måten NRK stiller det. For det verkelege
problemet her er ikkje at ein kommunal podkast har få lyttarar. Det er NRK si
forholdsvise vesle dekning av Fornebubanen – eit historisk gigantprosjekt
– med kritisk, opplysande eller forklarande journalistikk.
I så måte kastar NRK
stein i glashus. De bør heller spørje om korleis samferdslemilliardane våre blir
brukt.
Pressa blir utkonkurrert
Ein
enkel teljing syner at NRK kjem langt ned på lista over mediehus med god
dekning av «Fornebubanen». Mange av NRK sine konkurrentar har stoff som spenner
frå byggjeteknikk og finansiering, til kritikk frå grunneigarar og politikarar.
I NRK si dekning er det langt mellom eigeninitiert, kritisk eller forklarande
journalistikk.
Samstundes
har Fornebubanen-prosjektet eit pålagt informasjonsansvar overfor
innbyggjarane. Kva skal dei gjere når riksmedia ikkje løfter saka? Dei må
opne eigne kanalar.
Svaret har mellom anna vore ein podkast med låge
produksjonskostnader (under 20.000 kroner til utstyr og intern arbeidstid), men
med høgt informasjonsinnhald.
I den siste handla det om kva som skjer når
banen skal koplast på t-banenettet ved Majorstua. Det er kvalitetsinnhald om
tunnelarbeid, tryggleik, miljøtiltak og trafikale konsekvensar. Dette er ikkje public
relations (PR) som reklame, men PR som formidling til publikum/offentlegheita –
i tråd med plikter og forventningar i eit offentleg ordskifte. Kven som helst
kan gå inn og høyre sjølve.
Pressa si informasjonsrolle
Kritikken
frå NRK hadde vore meir truverdig dersom kringkastaren sjølv hadde brukt
ressursane sine på å fylgje prosjektet– med gravande journalistikk, reportasjar
frå anlegga, intervju med ingeniørar og økonomar, og analyser av politiske prioriteringar
og ansvar.
Men det har dei ikkje gjort. Og då vert kritikken mot
informasjonsarbeidet til Fornebubanen ikkje berre tynn – han vert direkte
undergravande for tilliten til pressa.
Informasjonsrolla
til den frie pressa skal: 1. formidle fakta, 2. bidra til meiningsdanning i eit
offentleg ordskifte og 3. halde makta ansvarleg. Dekninga av Fornebubanen er
berre eitt døme der ein sviktar på fleire nivå.
Informasjonspodkastar frå
offentleg sektor gjer eit forsøk på å fylle eit informasjonsvakuum – ikkje
fordi dei ønskjer å konkurrere med pressa, men fordi pressa ofte
trekkjer seg tilbake frå si samfunnsrolle.
Pressa si rolle
PR-ekspert
Tor Mikkel Wara i Frp kommenterer i NRK-saka at offentlege etatar heller burde
leggje ut god informasjon på nett – «eller ta telefonen». NRK burde utfordra
han på det. Nettsidene er jo gode. Skal verkeleg tilsette i kommunen bruke
dagane på å forklare tunnelprosjektet éin og éin gong til tilfeldige
innringarar?
Men den vinkelen passar vel ikkje. Fakta er at informasjonsarbeid
i 2025 handlar om tilgjenge og tillit – ikkje telefonkø.
Medan mediehusa
no flokkar seg om offentleg informasjonsarbeid som eksempel på sløsing, unngår
dei å stille kritiske spørsmål til eigne redaksjonelle prioriteringar. Det er
ikkje informasjonsfolk eller podkastar i kommunen som gjer journalistikken
dårleg – det klarer dei fint sjølve i jakta på neste klikk.
NRK
brukar irriterande mykje radiotid på å reklamere for eigne podkastar. Men det
er misforstått at kvalitet kan målast i lyttar- og sjåartal. Fornebubanen sin
podkast har høg kvalitet og kostar mindre enn ein millimeter med skinnegang –
og gir i det minste folk eit høve til å følgje med. Det er meir enn ein kan
seie om NRK si dekning.
Det verkelege problemet er ikkje podkastane, men det
journalistiske fråværet.