Ole Alexander Saue på arbeidsplassen sin i Aftenposten-redaksjonen med øl, Journalisten og Aftenposten på skjermene.

MORGENRUTINEN: 

Ole Alexander Saue skreiv om ein sau på ville vegar og hadde i tillegg to Saue(r) på byline

– Kvifor saka faktisk vart publisert, anar eg ikkje.

Publisert Sist oppdatert

I spalta Morgenrutinen stiller Journalisten dei same spørsmåla til ei rekkje personar som er tett på mediebransjen.

Ole Alexander Saue er journalist i Aftenposten. Fram til 1. september er han i eit vikariat som nyheitssjef.

Her kan du lese flere Morgenrutinen.

Kaffi eller te?

– Kaffi.

Kva har du på nattbordet?

– Nasespray, familiebilete, bordlampe, vassflaske, ein dorull og boka «Kjære leder», som nokon i Aftenposten (eller i konsernet, heilt sikkert i konsernet) har oppmoda alle leiarar på huset til å lesa som sommarlektyre. Sidan mitt vikariat som sjef går ut 1. september, tenkjer eg at eg seier meg nøgd om eg kjem meg gjennom dei to første kapitla.

Når om morgonen startar hovudet å tenkja jobb, og kva medium må du innom?

– Eg tenkjer jobb først når eg kjem på jobb. Unntaket er om det har skjedd noko veldig stort sidan eg la meg kvelden før. Eg blar gjennom pushvarslingane og ser om det har skjedd noko viktig. Og så et eg frukost og drikk kaffi medan eg ser NRK-nyheitene på lineær-TV før jobb.

Kva slags overskrift skulle du ynska du såg på trykk i dag?

– «Putin trekk seg ut av Ukraina.»

Kva er ditt beste tips for å finne gode saker?

– Bli god på å søka på internett, og snakk med folk som kan noko du ikkje kan.

Kva er den tynnaste saka du nokon gong har laga, og kvifor blei ho likevel publisert?

– «Stor sau på ville vegar». I 2017 var eg sommarvikar i Sunnhordland. Dagen før siste arbeidsdag, fekk eg ein snap av bror min Emil som hadde funne ein tilsynelatande forvirra sau som hadde forlate beitet sitt. Eg tenkte det kunne vera gøy å avslutta vikariatet med ei sak med sau i tittel og to ulike Saue på byline og fotobyline. Det blei til ei baksidesak med nemnde. Kvifor saka faktisk vart publisert, anar eg ikkje, for dette var heilt udramatisk.

– Diverre vart det heller ikkje mi siste sak i Sunnhordland, for to veker seinare vart eg henta tilbake på grunn av bemanningskrise.

Om du kunne velja kven som helst, kven har du mest lyst til å intervjua andlet til andlet, og kvifor?

– Fetteren til Birgitte Tengs. Fordi han har ei svært interessant og viktig historie om kor gale det kan gå når rettsvesenet sviktar.

Kva er den viktigaste eigenskapen din som journalist, og korleis brukar du den?

– Eg er pågåande og masete. Eg prøver å stilla spørsmål heilt til eg får eit svar med reelt innhald.

Kva er det kjekkaste eller raraste du har opplevd i jobben?

– Som laksejournalist i iLaks i 2018 hadde eg ei veke åleine på reportasjetur på Færøyane. Det var fint. Folka var veldig gjestfrie. Han eine eg møtte, inviterte meg heim til familien på færøysk tradisjonsmat og serverte meg skerpikjøt, kval og klippfisk.

– Då eg hadde ein intervjuavtale hos det største oppdrettsselskapet på Færøyane, Bakkafrost, vart eg plukka opp på hotellet av finansdirektøren på veg til jobb. Det trur eg ikkje skjer så ofte i Norge.

Kva journalistisk arbeid inspirerte deg sist, og kvifor?

– Morgenbladet hadde nyleg ei reportasje om kronekrisa. Saka var både forklarande og pedagagogisk samstundes som den utfordra dei grunnleggjande premissane pengepolitikken vår vert styrt på.

Kva er den største utfordringa akkurat no, for mediebransjen generelt og der du jobbar?

– Det er eit stort problem at folk ikkje kjenner eit behov for å bruka og betala for journalistikk. For Aftenposten, som er avhengig av abonnementsinntekter, er denne utfordringa kanskje ekstra stor.

Kva kan journalistar og mediehus gjere for å betre tilliten til dei redaksjonelle media?

– Vera opne om vala me tek, ta lesarane på alvor og i større grad svara på spørsmål folk faktisk lurer på.

Kva bilete eller video fekk deg sist til å stogga opp?

– Aftenposten-fotograf Stein J. Bjørge sitt bilete av USS Gerald R. Ford ved sidan av Nakholmen i Oslofjorden. 

Når loggar du av for kvelden?

– Når eg legg meg rundt midnatt.

Powered by Labrador CMS