Sendte nynorsk-innlegg i retur
Finansavisen bad kronikkforfattaren om å omsette innlegget sitt. Når Journalisten tek kontakt får avisa smake sin eigen medisin.
I januar skreiv Finansavisen om ein drapsdømt sjef som no er dømt igjen, for å ha stole løn frå 13 tilsette.
Dette fekk Lars Mamen, dagleg leiar i Fair Play Bygg Oslo og omegn, til å reagere. Han ville gi Finansavisen ei oppfølgingssak, og skreiv eit lesarinnlegg.
Finansavisen ville gjerne ha innlegget til Mamen, det var berre eit problem: innlegget var på nynorsk.
– Finansavisen kunne ta inn innlegget, men dei kunne ikkje akseptere at eg skreiv det på nynorsk, forklarar han.
Policy frå avisa
I dialogen mellom Mamen og avisa forklarar debattredaktøren at dei har ein policy om å kun publisere tekster på moderat bokmål/riksmål, og ber Mamen sende ein slik versjon.
Det var uaktuelt for Mamen, som sende innlegget til FriFagbevegelse istaden.
– Grunnen til at eg sende det til Finansavisen, var at dei var fyrst med å omtale saka. Synd for dei.
Når Journalisten tek kontakt med Finansavisen, svarer debattansvarleg Gard Setsaas oss på e-post.
Det er berre eit problem. Setsaas svarer på bokmål.
Difor ber vi om eit nytt svar. På nynorsk.
– Det er riktig at det er ei haldning vi har hatt lenge. Diverre har eg inga fleire kommentarar ut over det, svarer han på e-post nummer to.
Han vil ikkje svare på kvifor det er viktigare for dei å stenge ute nynorsk enn å sikre seg ei oppfølgingssak for avisa.
– Gammaldags
Vi spør også Mamen om kvifor han ikkje berre kunne skrive om innlegget sitt til bokmål.
– Eg meiner nynorskbrukarar flest bør halde på målet sitt, og ikkje la seg kue av bokmålshegemoniet, svarar han.
– Kva tenker du om at Finansavisen ikkje aksepterer innlegg på nynorsk?
– Det er jo ganske bakstrebersk. Gamaldags og reaksjonært, seier han.
Nylige artikler
Har analysert Watch Media: – Synes det er spesielt
Redaktørens avgang overrasket: – Skaper ikke akkurat ro
Noen ganger er sorg bare sorg
Frode Rønning blir ansvarlig redaktør i LO Media inntil videre
Forkaster Se og Hørs anke etter Høiby-rettssaken
Mest leste artikler
NRK ba ansatte slutte å strømme gravferden på nettet
Publiserer siste Altinget-artikkel på tirsdag
Oslo-redaksjon tilbyr gratis journalistikk som går i dybden – regninga tar amerikansk milliardær
Publiserte bilde av Mette-Marit med «spybøtte»: – Stor dokumentasjonsverdi
Document-redaktør spør om PST kan stå bak Skjervø-hat i kommentarfeltet