«Det er ikkje berre allmennheita og journalistar som kjem skadelidande ut av Forsvarets graderingsregime», skriv Andrea Rognstrand.

DEBATT:

Hemmeleg oppskrift

Forsvarets overdrivne hemmeleghald svekkjer tillita til at makta til å gje innsyn vert forvalta på ein ansvarleg måte.

Publisert Sist oppdatert
  • Dette er et debattinnlegg. Innlegget uttrykker skribentens egne synspunkter.
  • Innlegget ble først publisert som en lederartikkel i Forsvarets forum. Gjengitt med tillatelse.

Innsynsretten er ein av grunnsteinane i demokratiet, men vi ser ofte at Forsvaret held attende offentlege dokument. Eit ferskt eksempel er frå då Artilleribataljonen slakta tre lam i felt, og Hærens våpenskole meinte at fylgjande opplysning kunne skade nasjonens interesser om ho vart kjend for uvedkommande:

«Det ble kokt en suppe, hvor grønnsaker og salt ble tilsatt i gryta sammen med kjøttstykkene (...).»

Vi måtte gjennom fleire klagerundar før vi fekk lese ein sladda versjon av veterinærens sin rapport frå seansen. Saka er ikkje viktig, men den illustrerer det landskapet journalistar må navigere i. Kva anna er det vi ikkje får vite, om Forsvaret anstrenger seg slik for ikkje å gi ut eit brev om at tre lam er slakta?

Overdriven aktsemd

Det er mykje i Forsvaret som ikkje skal delast opent, men dagens overdrivne aktsemd svekkjer tillita til at makta til å gje innsyn vert forvalta på ein ansvarleg måte.

Innsynsretten skal sikre at borgarane i demokratiet får god informasjon om saker som behandlast og avgjerast av styresmakta og forvaltninga. Det bidreg til meir openheit, at avgjerder fattast i tråd med regelverket og det kan hindre forskjellsbehandling.

Korrupsjon, kritikkverdige forhold og systemmanglar kan avdekkast gjennom innsyn. Det er spesielt viktig i Forsvaret, som forvaltar så stor makt i form av valdsmonopol, eit tungt hierarkisk styre og enorme summar frå offentlege budsjett.

Når forvaltningsorganane trår feil skyldast det mange gonger at saksbehandlarane ikkje er medvitne regelverket, er erfaringa til Sivilombodet. Det skjer lettare når vurderinga startar med om det finst ein heimel for å unnta, enn med utgangspunkt om offentlegheit og deretter ein vurdering om det faktisk er behov for å unnta.

To måtar

Innstillinga om å unnta dokumenter i så stor grad som mogleg opplever vi ofte, og her er to av måtane det gjerast på:

Offentleg journal, som er Forsvarets «postkasse» for inngåande og utgåande dokument, er ei liste over brev som journalistar og andre kan be om innsyn i. På landingssida til den offentlege journalen til Forsvaret står det «Nokre dokument er ikkje offentlege som følgje av kapittel 3 i offentleglova».

Kapittelet i lova listar opp tilfelle kor det kan gjerast unntak frå innsynsretten. I motsetning til det Forsvaret tilsynelatende trur, gjeld eit fåtall av desse tilfella heile dokument. Dei fleste unntaka i lova som er relevante for Forsvaret gjeld berre opplysningar. Enkeltopplysningar kan saksbehandlarane med lova i hand sladde, men dokumenta har ein som søker innsyn rett til å få utlevert.

I fleire saker der vi søker innsyn etter å ha sjekka at dokumentet ligg kategorisert som ugradert, får vi avslag med grunngjeving at det er gradert. Då vel altså Forsvaret å gradere etter at journalistar har bedt om saka. Ofte gjerast dette med heimler om nasjonal sikkerheit som det er tilnærma umogleg å argumentere imot. Dette er dei same heimlane som Hærens våpenskole benytta for å halde dokumentet om dei tre lamma unna offentlegheita.

Gradert lunsj

Det er ikkje berre allmennheita og journalistar som kjem skadelidande ut av Forsvarets graderingsregime. For kva for ei situasjon sett Forsvaret sine egne tilsette i når så mykje graderast?

For dei 45 soldatane som deltok på lammeslaktinga ville det å fortelje mor kva dei spiste til lunsj den dagen innebere å lekke gradert informasjon, skal ein tru saksbehandlarane ved Hærens våpenskole.

I ein kronikken i Forsvarets forum skriv Patrick Radden Keefe at «når alt er hemmeleg, er ingenting hemmeleg» og at nasjonal sikkerheit ofte er en unnskyldning for tilfeldig sikkerhetsgradering. For oss som får avslag på lammesuppe-oppskrifta til Artilleri-bataljonen verkar det kjend.

Powered by Labrador CMS